Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Ordførarens målspalte

Dette er ei spalte om målbruk – fyrst og fremst den skriftlege. Eg vil nemne nokre grunnar til at dette temaet er viktig:

· Me har alle eit ansvar for å føre vidare ein rik arv. Språket blir utvikla av dei som brukar det. Folketradisjonen så vel som dei store forfattarane våre har gjort at målføret og målbruken er ein viktig del av identiteten i Vinje, og av omdømet til lokalsamfunnet vårt. Me kan vera stolte av at Vinje er ein sterk og tydeleg nynorskkommune.

· Språk er kommunikasjon. Dei aller fleste som arbeider med offentleg tenesteyting har eit særleg ansvar for å uttrykkje seg så godt og presist at bodskapen kjem tydeleg fram til mottakaren. Klåre tankar bør nedfelle seg i klåre setningar.

· Språkbruken i samfunnet (i «det offentlege romet») er mildt sagt blanda og av svært varierande kvalitet. Det meste me les er variantar av bokmål. Kva bør ein nynorskbrukar halde seg til? Kva er godt og dårleg språk?

Desse spørsmåla kan ikkje ordrettingsprogrammet hjelpe oss til å finne svara på, og det kan vera mange svar. Eg har ingen fasit, og det har snautt nokon annan heller. Når eg likevel dristar meg til å opne ei spalte med råd om målbruk , er det fordi eg sjølv er meir enn middels oppteken av språket vårt og har streva lenge med å bruke det så godt eg kan. Men eg har mykje att å lære!

Derfor er andre meiningar svært velkomne, både frå kommunalt tilsette og andre. Kan me få til ein språkdebatt er det framifrå! Føremålet er rett og slett å drive språkrøykt – ei gjerning som er altfor lite påakta no for tida.

Send gjerne spørsmål og merknader til ordforaren@vinje.kommune.no. Med ujamne mellomrom tek eg opp tema etter eige hovud eller andres ønske. Vel møtt i spalta!

Sist oppdatert 11.11.2009