HelteLøpet
Meld deg på årets løps- og trimoppleving i Rauland: HelteLøpet laurdag 4. september!!!
Fyrste arrangement - HelteRittet - blei gjennomført i Tinn Kommune laurdag 7. august, med start og mål i Rjukan sentrum. Det særs krevjande og spektakulære rittet blei vellykka, og fekk toppkarakter frå alle impliserte partar, inkludert trimmarane så vel som dei råspreke deltakarane.
Disiplin nummer to i trippelen – HelteLøpet – går laurdag 4. september på Rauland.
HelteLøpet har 3 disiplinar.
21 km halvmaraton på asfalt i Nasjonalparktraseen frå Skinnarbu til Rauland sentrum.
I tillegg er det eit 10 km terrengløp med start og mål i Rauland sentrum.. Løypa kan også nyttast til gåtur i eit vakkert område.
Dette betyr eit eventyr av naturopplevingar i båe løypetraseane.
Vi arrangerar også BarneHelten, eit variert og spanande løp for barna. Etter heltemodig innsats får alle barna premie.
Du kan springe og gå, heilt avhengig av eigen kondis og nivå. Opplevinga er det viktige! Og ”alle vinn”.
Påmelding: www.telemarkhelten.no . Her finn du utfyllande informasjon.
Siste arrangement i TelemarkHelten er langrenn. HelteRennet, med start og mål i Rauland sentrum, går lørdag 4. februar 2011.
Noter deg datoen!
Sist oppdatert 23.08.2010