MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skuterløyve til hytter

Vi gjekk tidlegare ut med informasjon om at skuterløyve for 2010 automatisk blei forlenga til også å gjelde vinteren 2011. Det viser seg at vi ikkje har høve til å gjere det på den måten.

Vi vil i staden skrive ut nye løyve for vinteren 2011 til dei som fikk tildelt løyve førre vinter. Du treng ikkje søkje på nytt, men må seie frå til Tenestetorget om løyvet skal opphøre eller om du vil ha endra det. Det same gjeld om hytta har bytt eigar i løpet av året. Alle slike endringar vil vi ha skrifteleg eller via e-post. E-posten kan sendast postmottak@vinje.kommune.no.

Om vi ikkje har fått anna melding i løpet av veke 49, vil dei nye løyva bli sendt ut.

Frå og med første kommuneval er reglane endra slik at vi gjev løyve som gjeld for heile kommunevalperioden (4 år)

 

Sist oppdatert 01.12.2010