MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Energiutgreinga for Vinje kommune 2009 er ferdig

Energibruken i Vinje kommune har auka jamt dei siste åra og ligg i 2007 på 118 GWh/år, og har ein aukande tendens. Elektrisitet er den dominerande energiberaren med omlag 99 GWh i 2007 og dette var ein auke på 8 GWh frå 2006. I tillegg kjem tap i distribusjonsnettet og i overliggande nett.

Bioenergi, i hovudsak i form av ved, er ein viktig energiberar i hushald og hytter, med om lag 14 GWh. Bruken av parafin, gass og fyringsolje er beskjeden i forhold, med til saman 6 GWh i 2007.

 

Det er ingen problem knytt til energiforsyninga i Vinje, el-nettet er solid og har god kapasitet. Det blir produsert mykje meir elektrisk kraft i kommunen enn det som blir brukt.

 

Heile rapporten kan du lese her.

Sist oppdatert 20.05.2010