MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Enøktilskot til private husstandar

Det er sett av 500.000 til ENØK-tiltak i 2010, og alle som har fast bustad i Vinje kan søkje om tilskot. Reglane er dei same som tidlegare, men i år må du ha gjennomført og betalt tiltaket FØR du søkjer.

Tilskot blir utbetalt i den rekkefølgje søknadane kjem heilt til løyvinga er brukt opp. Søknaden må vere påført gardsnr, bruksnr, byggnr og eventuelt festenr. Desse opplysningane finn du på faktura for kommunale avgifter.  Det er den som står som eigar av bustaden og ikkje ein eventuell leigetakar som må søkje. Maks utbetaling for eitt tiltak er 25.000 (vassboren varme). Du kan ringe Tenestetorget for nærare opplysningar.

Du vil få melding om det er manglar ved søknaden som må rettast opp, men den vil da bli rekna som ny søknad med ny registreringsdato.

Vi må få inn søknadane på fastsett skjema.

Søknadsskjema   

Retningsliner for ENØK-tilskot