MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Friskvernet er i gang att i 2010

Friskvernet er i gang med eit varierte gruppetilbod. Det er stor aktivitet på dei fleste gruppene men vi har plass til fleire!! Frå og med hausten 09 har oppmøtet teke seg opp. Måndag kveld er det styrketrening og aerobic (nivå 2) med Anne Mosdøl. Her er det mykje hopp og sprett og mange som kjem saman for morosam trening!

Tysdag kveld er det friskgruppe (nivå 1) med Åse Hylland. Dette er ein frisk gruppe med kondisjon, styrke og rørsle utan mykje hopping.

 

Spinning kan du trene på tysdag kveld eller onsdag ettermiddag.  Det er Anne Mosdøl og Christina Eriksen som har desse timane! Spinning er bra kondisjonstrening! Særleg om du ynskjer å få i gang sveitte og hjartepumpa. Sykling er skånsam trening for kne og hofter.  

 

Anders Lieungh ledar hjartetrimmen tysdagar, her er du velkommen om du treng trening av ulike årsaker. Ta kontakt med Anders på fysioterapien om du ynskjer å delta!  

 

På Rauland er det også friskverntilbod. Astrid Nystog leiar gruppa i festsalen på Rauland måndag kveld. Treninga skjer utan hopp men du får likevel god styrke og trening for heile kroppen. Dette er ei gruppe som passar for alle aldrar og deltakarane er godt nøgde! 

 

Onsdag ettermiddag er det bra oppmøte på fysioterapien i Åmot for rørsle og styrketrening. Dette er ein friskgruppe leia av Marit Vestgård eller Sigrun Midtbø. Alderspennet er stort her og treninga fokusert på rørsle og styrke. Sigrun Midtbø har også senior gruppe på eldresenteret kvar onsdag.

 

Utanom desse tilboda heve me hatt stavgang/utetrening i haust og vurderar å starte dette opp att til våren.

 

Tilboda passar for folk flest! Me satsar på trivelege timar med god stemning der folk skal føle seg heime! Ein treng ikkje være erfaren for å dukke opp – alle er velkommen på treningane våre!!!

 

Friskvern 2010

Sist oppdatert 20.05.2010