Ladepunkt for elbil
Vinje kommune fekk støtte til etablering av ladepunkt for ladbar motorvogn.
I samband med at kommunen arbeider med Energi og klimaplan, bestemte formannskapet seg for at vi skulle søke om. Vi fekk tilskott på inntil kr. 30.000,-.
- og kan bidraga ørlite grann til reduksjon av CO2 –utslepp! Sjølv om det nok tek litt tid til el-bilar blir eit vanlege syn i Vest – Telemark. Støtta kjem frå den statlege støtteordninga Transnova, som er etablert for å redusere CO2-utslepp frå transportsektoren i Noreg. Det er gjort avtale med Fristadsenteret i Åmot om å etablere ladepunktet og det vil koma på plass eit punkt på merka plass i vår.