Ny heimeside
Då er endeleg den nye heimesida for Vinje kommune på lufta. Den er noko ulik den gamle, og dei som kjenner den gamle godt, vil kanskje bruke litt tid på å finne fram. Den nye sida er bygd opp endå meir omkring tenester enn den gamle. Den inneheld også mykje meir informasjon og lenker til tenester som ikkje er direkte kommunale. Det vil de sjå særleg i høgrekolonna når de klikkar inn på tenestene.
Dette er ein start, og det vil heile tida skje ei vidareutvikling i samarbeid med dei andre Vest-Telemarkkommunane. I den første tida må vi vere forberedt på at det er lenker og andre ting som ikkje fungerar. Det får vi ikkje full oversikt over før sida er publisert. Vi tek gjerne mot tilbakemeldingar.