Nye bustadtomter i Juvbakk, Åmot
Vinje kommune legg no ut for sal 14 nye bustadtomter i Juvbakk i Åmot. Prisen er kr. 80.000 pr tomt. På grunn av stor førehandsinteresse for desse tomtene, blir det loddtrekking etter at fristen for å melde seg er ute.
Trekkinga gjeld retten til å velje tomt først, som nr to osv. Det er i første runde berre høve til å tinge éi tomt pr søkjar.
Kommunen legg opp til felles synfaring med interessentane laurdag 13. februar kl. 12.00.
Frist for å melde seg til å vere med i loddtrekkinga er 19. februar. Du må sende søknad for å vere med.
Søknadsskjema
Kart
Reglar for tildeling av tomt