MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

UKM i Vinje

Då er den lokale mønstringa i Vinje vel overstått! 250 tilskoderar sto for stormande jubel på Vinjehuset, måndags kveld 15. februar, under årets UKM! Arrangørane er svært nøgde med både oppmøtet og alle dei 57 utøvarane og utstillarane! Det var eit utruleg høgt nivå i år, og juryen var samstemde i at det ikkje var lett å avgjere kven som skulle gå vidare.

UKM er ingen konkurranse. Juryens utvelging skjer på grunnlag av originalitet, kunstnarleg kvalitet, formidling, tolking, framtreden og framføring, teknisk kvalitet, kvalitet i forhold til forutsetningar, kreativitet, publikumskontakt og heilheitsinntrykk. Dei utvalgte deltagarane skal spegle breidda i den lokale mønstringa. Premien for dei som gjeng vidare er å få stå på ei endå større scene, og treffe andre ungdommar frå andre stader.
Det var hip hop, rock, country, heavy metal, ballader, novelleopplesing, måleri, arbeid i lær og metall, fotografi, keramikk og teikning i år. Alt resultera i at juryen fekk det svært vanskeleg i å plukke berre 3 sceneinnslag og 4 utstillingsgjenstandar vidare til fylkesmønstringa. I alt var det 12 kunstinnslag og 13 sceneinnslag, samt konferansierane Stian Pedersen og Bjørn Olav Underdal Hermansen som òg blei vurdert. Etter noko ueinigheit mellom dommarane tok dei til slutt ei avgjersle.

 
Connection Overdrive  Black Pearls

Heidi Tvitekkja  Jackpot

Kari og Aasne  Lena Øygarden

Rollover

Her er dei som gjekk vidare til fylkesmønstringa, i tilfeldig rekkefølgje:

SCENE
Kari Vinjerui, akkompagnert av Aasne Vinjerui – ”My heart will go on”
Connection Overdrive (Bjørn Olav U. Hermansen, Jan Andreas Sletta, Svein Versto, Svein Erik Tveiten, Trym Erik Gulseth, Åsmund Christenson) – “Fade to black”
The Headless Children (Gunnar Helle Øygarden, Sindre Myklebust, Tarjei D. Svalastog, Trond Ringhus) – “Vampire Blues”

KUNST
Kristine A. Våle – “Maske” (keramikk)
Justyna Ubostad – “Ekorn” (maleri i vassfargar)
Elisabeth Bakken – ”Photo” (fotoserie à 12 bilete)
Dan Christopher Legaspi – ”Ljosestake”

ANNA
Stian Pedersen og Bjørn Olav U. Hermansen – Konferansierar

Det kom inn over kr. 5700,- i inngangspengar, der alt vil gå til stiftelsen ProsjektHaiti. (www.prohaiti.org) Takk til alle som gav!

Fylkesmønstringa blir som vanleg halde i Bø 24. og 25. april.


TAKK TIL ALLE SOM VAR MED OG DELTOK!