MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Vidda Vinn

Vidda Vinn er eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje og Tinn. Vi starta opp i midten av juni 2009, og skal arbeide ut 2013 med å setje Hardangervidda nasjonalpark på kartet på ein måte som gjer at både villrein, grunneigarar og reiseliv rundt vidda vinn.

Vi skal nå målet gjennom eit godt samarbeid, og utvikle opplevingar som sjølvguida og guida turar langs Hardangervidda nasjonalparkrute i nasjonalparkkommunane Vinje og Tinn. Budsjettet for 2010 er ca 4 millionar. Halvparten av tiltaka i prosjektet finansierast gjennom DNs verdiskapingsprogram for naturarven, den andre halvdelen skaffast frå eigeninnsats, kommunar, fylkeskommunar og andre finansieringskjelder. Vi vart valde ut som eit av ti hovudprosjekt i konkurranse med 55 andre prosjekt i Noreg. Tusen takk til alle de som hjelpte oss med å skrive ein god søknad!

Kva gjer Vidda Vinn i 2010?

...for å få fleire kunnskapsrike formidlarar:

Kurs i interpretasjon (januar-juni) i samarbeid med Høgskolen i Lillehammer. Interpretasjon er eit fint ord for natur- og kulturformidling. Vi starta opp på Raulandsakademiet 21.januar med 16 engasjerte deltakarar frå heile Vest-Telemark, Bykle, Porsgrunn, Voss, Bergen, Tranøy og Setedsal-Vesthei Ryfylkeheiane. Har du lyst til å lære meir om interpretasjon utan å ta heile kurset? Bli med på samlingar og enkeltforedrag på Raulandsakademiet 8.-10.april og 3.-5.juni. Ta kontakt med meg, så får du detaljert program og ein pris for den delen du vil vera med på.

...for å lage godt tilrettelagte turvegar og infopunkt ved lokale "kassaapparat":

Etter gode innspel frå mange lokalt, satsar vi i første omgang på naturvenleg tilrettelegging på desse stadene: Mogen på Møsstrond, Gvepseborg/Krossobanen på Rjukan, Arbuvollen i Vågslid, Kalhovd med Synken og Breisetdalen i Tinn, Skinnarbu i Tinn, og Rauland (ikkje spesifisert stad).

Opning av den første opplevingsstigen på Mogen, Møsstrond hausten 2010.

...for å få til målretta marknadsføring:

- Vi held Hardangervidda National Park på Facebook oppdatert. Her oppfordrar vi dykk til å legge ut nyheiter om arrangement og opplevingar rundt Hardangervidda. Bli fan og del din vidda-historie med 1400 andre fans frå heile verda her! http://www.facebook.com/pages/Hardangervidda-national-park/218263541334

- Vi tar ein runde rundt vidda i løpet av våren, for å sjekke interessa og behovet for ei felles nettside om Hardangervidda

...for å få til eit godt samarbeid:

- Har vi med folk som representerer både grunneigarar, reiseliv, landbruk, næring og miljøvern i styringsgruppa: Tinn kommune v/Oddmund Olesrud (jorbruk), Vinje kommune v/Toril Nicolaisen (prosjektansvarleg, næringssjef), Tinn grunneigarrepresentant v/Jonny Marumsrud, Vinje grunneigarrepresentant v/Hillborg Romveit, Telemark Fylkeskommune v/Mona B. Rasmussen (reiseliv) og Fylkesmannens Miljøvernavdeling v/Morten Johannesen.

- Treng vi også hjelp frå deg! Kom gjerne med innspel og idear til meg eller nokon i styringsgruppa.

Gjer som 173 andre, følg Vidda Vinn på Facebook!

Vidda Vinn har ikkje eiga heimeside, men du kan følge oss på Facebook. Også de som ikkje er på Facebook, kan følge med her: http://th-th.facebook.com/group.php?v=wall&gid=112851876773

Les meir om Vidda Vinn her