Vinje kommune tilbyr eFaktura
Med eFaktura får du rekningane tilsendt i nettbanken i staden for i posten, og du kan betale den enkelt med eit ”klikk”.
Enkelt for deg og bra for miljøet
Det er to ulike måtar å kome i gang på: Tilbod i nettbanken:
Sei ja takk til eFaktura når du får tilbod om det i nettbanken neste gang du betalar ei rekning frå kommunen.
Registrer sjølv:
Logg deg inn i nettbanken og opprett ein eFaktura-avtale. Finn fram ei tidlegare utsendt rekning frå kommunen og sjå etter eFaktura-referansen på rekninga.
Kundenummeret ditt er eFaktura-referansen.
Fordelar med eFaktura
- Du slepp å taste KID nummeret
- Ein eFaktura er ferdig utfylt med KID-, kontonummer og beløp. Det einaste du treng å gjere i nettbanken er å godkjenne rekninga når du vil betale.
- Oversikt
- eFakturaene blir lagra i nettbanken din, og du har til ei kvar tid oversikt over betalte og ubetalte rekningar. Du kan og velje å bli varsla på e-post kvar gong du mottek ein ny eFaktura i nettbanken.
- Betre kontroll
- Du må godkjenne eFakturaen i nettbanken før beløpet blir trekt frå kontoen, og du kan endre beløp, kva konto som skal belastast og forfallsdato på rekninga. Om du ynskjer det kan avtala om eFaktura også kombinerast med avtalegiro.
- Betal kor du vil.
- Rekningane går elektronisk til nettbanken din, og du er ikkje avhengig av postkassa for eksempel når du er ute og reiser.
- Mindre papir
- Du slepp å få faktura i posten og sparar miljøet for ekstra papir.
Kontakt banken din om du vil opprette eFakturaavtale.
Du kan og klikke her for nærare informasjon
Sist oppdatert 20.05.2010