Årsmøte for det nasjonale Fjellregionsamarbeidet
På årsmøtet for det nasjonale Fjellregionsamarbeidet blei ordførar Arne Vinje attvald som nestleiar, Svein Borkhus frå Hedmark Fylkeskommune blei attvald som leiar.
I samband med årsmøtet, arrangerte Fjellregionsamarbeidet konferansen med tema ”Busetting i fjellregionane”. Deltakarane fekk høyre interessante foredrag både frå forskingssida og frå kommunane sjølve om korleis utviklinga i folketal og flytting er, kvifor ungdom ikkje flyttar heim – og kva kommunane gjør for å vera attraktive.
Kjetil Sørlie frå NIBR presenterte resultat av undersøkinga: ”Utviklinga i folketalet i fjellregionane. Flyttemønstre og flyttemotiv”
Asgeir Skålholt frå Østlandsforskning presenterte: Kvifor flytter folk frå fjellbygder utan arbeidsløyse?
Meir om årsmøtet og konferansen finn du her: http://www.fjellregionsamarbeidet.no/
Svein Borkhus og Arne Vinje

Sist oppdatert 20.05.2010