Kulturprisutdeling til Terje Håkonsen
Vinjehuset fredag 28.mai kl.1900.
Det var eit festpynta Vinjehus med mange gjester som tok imot Terje når han kom. Leiar i Vinje I.L., Bjørn Kleiv ynskte alle vel møtt med nokre mimringar frå 20 år attende før maten blei servert.
Ei heilt fersk musikkgruppe, som kalla seg Burton for kvelden, underheldt med ord og tonar laga av medlemar i gruppa.
Bjørn Kleiv heldt fram med å fortelje om livet i Uvyrslåmi snobrettlag, der Terje var yngst, men for det meste best på alt han gjorde. Han hadde og sett saman ein film som viste Terje frå han var knøttliten og for rundt på ski heime og til han utfordra eit stupbratt fjell i Alaska.
Ordførar og kultursjef dela ut sjølve prisen, som er ein akvarell av Reidar Kolbrekk og ein sjekk på kr. 10.000.-. kultursjefen dela og ut blomar til Terje og mor Sissel. Ordføraren heldt ei tale til prisvinnaren der han drog fram dei gode døma, og kor spesiell Terje var oppi alt dette. Det blei understreka kor stolte me var for at han var ein del av oss.
Terje heldt ei lang takke tale der han nemnde dei som hadde hjelpt han fram i starten av karrieren. Han peika på det gode allsidige idrottsmiljøet som han var ein del av og dei personane som hadde jobba dugnad time etter time for å legge forholda til rette. Han var nok lei Vinje ei stund i ungdomsåra, men no når han sjølv har ungar så er han mykje attende til Vinje med dei. Han takka og foreldra sine som hadde støtta og trudd på han.
Det var fleire taler før kaffi og blautkake kom på bordet og musikkgruppa spila oss heimover med fleire sjølvlaga låtar. I gruppa er Anders Blystad, Luke Tennant, Silje Hagen og Sonja Sandvik

Sist oppdatert 10.06.2010