Ledige plassar i kulturskulen
Frå hausten av er det ledige plassar på følgjande kulturskuletilbod; teater (førebels berre i Åmot), piano (både klassisk og besifringsspel) og kveding.
Undervisninga i kveding kan skje individuelt eller i små grupper.
Teaterundervisninga får ein ny lærar neste skuleår. Ho vil jobbe mykje med sceneuttrykk, dans og koreografi. Her er vegen til målet like viktig som sjølve resultatet av ein framsyning. Det blir nå også ein gruppe for 6 – 8 åringar, i tillegg til dei to gruppene som allereie er med. Det er ikkje så mange plassar ledige, så hiv ein søknad fort som råd.
Søknadsskjema ligg under Skjema og gebyr, eller kan bli tilsendt viss det er ynskjeleg. Ta da kontakt på 35 06 23 53 eller anders.blystad@vinje.kommune.no
Sist oppdatert 11.06.2010