MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

2/3 av nye mjølkekvoter på geit til Vest-Telemark

I jordbruksoppgjeret 2009 blei det vedteke at ordninga med kjøp av mjølkekvote til nyetablering skulle utvidast til også å omfatte geitemjølkproduksjon. Det blei avsett 150 000 liter geitemjølkkvote for tildeling til nye bønder over heile landet for 2009.

To unge bønder i Seljord og Vinje har no - etter søknad - fått tildelt 50 000 liter kvar i mjølkekvote for produksjon av geitemjølk. Det har totalt vore 8 søknader fordelt på heile landet. Det er Tine Meieriet Sør sitt ysteri på Haukeli som vil hente og vidareforedle denne mjølka.

Det er no over 20 år sida det har vore etablering av geitedrift med ny produksjonskvoter i dette distriktet. Mange av dei som driv i dag (om lag 20 stk) har halde på i mange år. Det er svært positivt for ”geitenæringa” at ein no får påfyll av nye unge og interesserte gardbrukarar.

Landbruksforvaltninga i Seljord og Vinje har i samarbeid med søkjarane brukt mykje tid på å leggje til rette for å få desse kvotene til vår region. Dette har latt seg gjere takket vere driftsplanleggar Joachim Skogsrød. Han er tilsett i Vinje kommune som driftsplanleggar for Vest-Telemark, og skal leggje til rette på bruksutbygging på gardsbruk i heile regionen.

Er det ønskje om meir informasjon, eller gardsbesøk så ta kontakt med skogbrukssjef i Seljord Jørn Ingar Sanda, eller landbruksrådgjevar i Vinje kommune Thor Christiansen

Sist oppdatert 08.06.2010