Statkraft fjernar vegbom og sprerringar ved Songadammen og Trolldalsdammen
Statkraft vil i sommar fjerne vegbommen på anleggsvegen opp til Songa hovuddam ved Naustnuten og sperringane ved Trolldalsdammen. Dette fører til at ålmenta vil få tilgang til heile anleggsvegen med adkomst over Songa hovuddam, Trolldalsdammen og båtutsettet ved Naustnuten.
Songa har i dag 3 veldig gode stader for båtutsetting. Eit ved Naustnuten og to i Trolldal.
Statkraft oppfordrar ålmenta til framleis i hovudsak nytte utsettingsplassane i Trolldal, der det er betre plass for parkering av bilar og båthengarar. Området ved Trolldal er også meir tilrettelagt for ålmenta.
Bruk av båtutsettet og parkering ved Naustnuten må organiserast slik at parkerte bilar og båthengarar minst mogleg stenger for bruk av båtnausta og båtutsettet.
Statkraft har sett opp skilt om dette.
Trolldalsdammen
Sist oppdatert 25.06.2010