MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Ungdomsdisco og premieutdeling på Vinjehuset

Torsdag 4. november var det samla om lag 80 ungdomar frå heile kommunen til discotek, halloween og premieutdeling for toppturkonkurransen dei har vore med på i haust.

Dette var tredje gongen det vart arrangera discotek denne hausten. Tidlegare har det vore på Rauland og i Edland. Så blir det på Rauland att på nyåret. Dette er eit samarbeid mellom kultur og helse, og det har møtt om lag 70 ungdomar kvar gong tidlegare i haust.  

I år vart det 7. klasse frå Rauland/Øyfjell som vant trekninga av hovudpremien i toppturkonkurransen – tur til badeland på Rjukan. Denne klassa var også den som hadde gått lengst. Premiane til den guten og jenta som hadde gått lengst gjekk til to sprekingar frå Rauland, det gjorde også premiane for beste kostyme.

Disco 1 Disco 4
Disco 3 Disco 5
Disco 2

Sist oppdatert 24.11.2010