MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Anleggsarbeid i Åmot sentrum

Som kanskje mange har sett er det for tida stor anleggstrafikk i Åmot sentrum. Dette arbeidet er ein del av gjennomføringa av reguleringsplanen for Åmothaugen. Nett nå er det ikkje så fint i sentrum og det er vanskeleg å koma fram.

Anleggsgartnarane arbeider no med fortaug framom banken og vil gjere seg ferdig der dei næraste dagane.

Etter dette vil dei byrje på området mellom banken og COOP og legge kantstein der. Området mellom Fristad og banken vil bli grusa opp og opna for allminneleg ferdsel i neste veke.

I området bak kommunehuset grev dei ny drenering, byter ut masse og senkar terrenget noko. Der skal dei fylle attende delar av dette før dei byrjar å grave mot gullsmeden.

Området rundt Vesaasparken vil bli rydda for skog i dag og i morgon. difor kan ikkje denne nyttast til parkering så lenge dette arbeidet pågår.

Parkering er ei utfordring for tida, og dette er beklageleg. Men sånn vil det vere i ein periode framover.

Entreprenør og prosjektleiing er innstilt på arbeide jamt framover, så lenge det er ver og føre som tillet det. Det vil seie gjera ferdig alt, nesten til asfaltering for heile området.

Endeleg ferdigstilling er 1. juni 2011, men dersom det går vil mesteparten bli gjort ferdig i vinter.

Her kan du få meir informasjon og sjå reguleringsplanen for Åmothaugen.

Slik ser det ut i Åmot sentrum nå.

Sist oppdatert 04.11.2010