Kven får Vinje kommunes kulturpris for 2010?
Har du eit forslag til kven som kan vere kandidatar til Vinje kommunes kulturpris for 2010?
Kvar haust blir bygdefolk invitert til å koma med framlegg til prisvinnar. Framlegget skal vera skriftleg med grunngjevingar, og skal sendast til kommunen ved eining for kultur.
Ein kan få kulturprisen for framifrå dugleik innom ei eller fleire greiner i kunst – og kulturarbeid. Ein kan og få kulturprisen for framifrå kulturarbeid innafor lag- og organisasjonsarbeid.
Prisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr. 10.000.-
Prisen kan ikkje delast, men ein kan gje den til ein familie eller eit ektepar.
Frist for innlevering av forslag er 30.12.10.
Les meir om kulturprisen her.
Sist oppdatert 09.11.2010