MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skuterløyve til hytte

Vinteren 2010 måtte alle som skulle ha løyve for å køyre til hytta, søkje på nytt. Dei løyva vert automatisk forlenga til også å gjelde vinteren 2011. Løyve som er eldre enn frå 2010 er ikkje lenger gyldig.

For å fornye løyve til å køyre i det raude løypenettet, må du kjøpe ein oblat som kostar kr 100,-. Det er ein føresetnad at du er busett i kommunen.

Når du skal fornye løyvet, må du vise fram kvittering på at du er medlem i ein av skuterklubbane i Vinje, og at du har betalt kontingent for 2011. Har du ikkje løyve frå før, må du betale kr 400,-.

Løyvet får du fornya på Tenestetorget.

Søknadskjema
Føresegner til motorferdselplan
Lov om motorferdsel i utmark
Anna informasjon

 

Sist oppdatert 18.10.2010