Vinje oppvekstsenter - basar til inntekt for årets TV-aksjon
Resultatet i år vart og særs bra, heile kr 18 200,50 kan tilførast aksjonen. Reknar me ut gjennomsnittet pr elev vert resultatet kr 700,02!
Torsdag 21.10. kl 18.00 starta den årlege skulebasaren på Vinje oppvekstsenter, og tradisjonen tru gjekk heile overskotet til årets TV – aksjon.
Elevane hadde laga mange fine gevinstar på førehand og i tillegg har næringslivet, ymse lag og private bidrege, slik at me totalt hadde rundt 110 gevinstar fordelt på to trekningar. Åresal låg til grunn for desse trekningane.
For dei fire gjevaste gevinstane måtte ein skrive seg inn i loddbøker, og på desse var det eigen trekning til slutt. Dessutan hadde me fiskedam og sal av kaker, saft og kaffe.
Me vil takke alle dei gode hjelparane våre - både i næringslivet og blant føresette som gjer det mogeleg å oppnå eit slikt resultat.
Sist oppdatert 22.10.2010