MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Folk i Vinje var gavmilde i år også

TV-aksjonen i Vinje viser eit resultat på utrulege 101,77 pr innbyggar. Det er klart best i Telemark og svært bra også på landsbasis. Ein stor takk til dei som har gjeve og ikkje minst til dei som har stilt opp som bøsserbærarar, arrangørar eller jobba på andre måtar.

Skulane har og gjort ein fantastisk innsats. Dei har arrangert basarar med følgjande resultat:

Edland skule kr 59.274,-
Åmot skule kr 54.010,-
Vinje oppvekstsenter kr 18.200,50
Rauland skule kr 19.809,-

Klikk er for å få resultata frå Telemark og frå resten av landet.

Ein av årsakane til resultatet er god organisering på førehand. Sanitetslaga i Edland og Åmot og Tinn sparebank i Rauland har hjelpt til med å finne bøssebærarar. Søndag ettermiddag blei alle bøssene levert inn til Bibbi Christenson på Edland, DnB Nor i Åmot og Tinn sparebank i Rauland.

Bilda nedafor er frå innleveringa i Rauland.

TV-aksjon_2010   TV-aksjon_2010
 TV-aksjon_2010  TV-aksjon_2010
 TV-aksjon_2010  

Sist oppdatert 01.11.2010