Bruopning i Vågslid
Eit eineståande bruprosjekt i Vågsli blei opna 20 oktober.
”I kommunen kjenner me dykk som målretta, pågåande og ihuga representantar for dette lokalsamfunnet – akkurat så stride som de er nøydde til å vera når de skal ha kommunen og staten med på laget. På vegne av Vinje kommune vil eg understreke at me er takksame for innsatsen dykkar”, sa ordførar Arne Vinje under opninga.
Tala til ordføraren kan du lese her.
No blir det samanhengande turvegtrasé frå Botn og fram til Haukelifjell skisenter og når heile traseen er ferdig, vil denne vere på mellom 2 og 3 mil. Turvegar er eit av fleire nasjonale satsingsområde og kommunen vil hjelpe til med å skaffe offentlege midlar til det vidare arbeidet.
”No har altså Vågsli fengi eit nytt landemerke, ein portal til bygda frå vest og til skisenteret frå aust. Når trafikken på E-134 om nokre år nærmar seg det dobbelte av i dag, gjer det heller ikkje noko å vera godt synleg!”
Formann i Vågsli grunneigarlag, Odd Heggenes fortalte om prosjektet, medan dei frammøtte frå bygdi, samen med representantar frå entreprenøren, utbyggjarane og kommunen høyrde på.
Sjå fleire bilete frå opninga her.
Sist oppdatert 22.10.2010