Fjellregionsamarbeidet og internasjonal fjellkonferanse på Lillehammer
15. - 17. september blei årsmøtet i Euromontana halde på Lillehammer. Meir enn 300 deltakarar frå 26 nasjonar møttast for å diskutere fjellpolitikk og utveksle erfaringar.
Sidan 2002 har Vinje og Tinn kommunar, saman med Telemark Fylkeskommune, arbeidd systematisk med næringsutvikling i fjellregionen i Telemark.
Arbeidet er tufta på trua om at vi i vår fjellregionen må samarbeide med andre om utvikling av felles strategiar og tiltak for at vi skal oppnå bærekraftig utvikling i vårt område. Derfor er vi og medlemar i det nasjonale fjellregionsamarbeidet og den europeiske organisasjonen Euromontana. Det seiste året har kommunane Hjartdal og Fyresdal meldt seg inn.
15. - 17. september blei årsmøtet i Euromontana halde på Lillehammer. Meir enn 300 deltakarar frå 26 nasjonar møttast for å diskutere fjellpolitikk og utveksle erfaringar.
Samtidig med konferansen blei det arrangert ei utstilling som skulle vise fram fjellregionane, alt det positive dei bidrar med innan t.d. reiseliv og matproduksjon, men også med døme på innovasjonar.
Vi presenterte ”ein smak av Telemark”, med lokale matprodukt frå dei 4 kommunane. Frå Vinje hadde vi med spekepylse frå Vesaas, Øyfjellbrau, geitost frå Lega og Chevre frå Haukeli.
Her er ordførar Arne Vinje, saman med ordførar i Fyresdal Bjørn Nome, fylkesvaraordførar Lars Bjaadal og to flotte marknadsførarar; Hege Sætre Næss frå Visitrjukan og Anne Bjørg Haugan frå Tuddalsprosjektet.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete var ein av mange innleiarar som gløda for fjellregionane, og for innovasjon som verkemiddel for utvikling, på Euromontana sin konferanse på Lillehammer i dag.
I plenumssesjonen og dei fire parallellsesjonane var det innleiarar frå heile Europa, og USA med, som delte sine kunnskapar og inspirerte deltakarane. Telemark presenterte to prosjekt; Innovativ Fjellturisme og ViddaVinn.
Sist oppdatert 14.10.2010