Lensmannskontoret i Åmot er sikra
På møtet i Vest-Telemarkrådet 15. september la politimeisteren i Telemark, Anne Rygh Pedersen, fram innstillinga si til organiseringa av den framtidige lensmannsstrukturen i Vest-Telemark. Føremålet med omorganiseringa er å nytte ressursane i politiet meir effektivt, og tilpasse den operative tenesta betre til endringane i kriminalitetsmønsteret. Dette meiner politimeisteren vil auke tryggleiken i heile regionen.
Alternativet med å ha lensmannskontor i alle kommunane som i dag, kjem ikkje på tale, fordi kontora bind opp alt for store ressursar. På den hi sida har politimeisteren registrert all uroa kring framlegget om berre eitt kontor. Derfor innstiller ho på at det i framtida skal vera to kontor i Vest-Telemark, eitt i Åmot i Vinje og eitt anten i Kviteseid eller Seljord.
Grunngjevinga for å velje Åmot som det eine og minst diskutable alternativet i denne modellen, samsvarar i høg grad med innspelet frå Vinje kommune. Politimeisteren synte i presentasjonen til fylgjande moment for denne lokaliseringa:
«Lokalisering: Åmot i Vinje
•Avstander - neste kontor Odda (18 mil fra Kviteseid)
•Knutepunkt vei/samferdsel: E-134, rv 9, rv 37, rv 38, bussforbindelser
•Befolkning og dagens politioppgaver/gjøremål
• Fjellredningstjeneste – geografi, kompetanse og samarbeid med andre
•Bosettingsmønster
•Regionalt handelssenter
•Døgnbemannet legevakt og ambulansetjeneste
• Eksisterende lokaler
• Er det noen reelle og gode alternativer til Åmot som ett av to kontorer i
Vest-Telemark? (forutsatt minst mulig kostnad og raskt resultat?)»
Når det gjeld lokaliseringa av det andre kontoret, ønskjer politimeisteren ei tilråding frå Vest-Telemarkrådet. Rådet vil i så fall leggje stor vekt på ei samla fagleg innstilling frå lensmennene i regionen. Fire kommunar vil få såkalla tilpassa politipostløysingar.
Eit utførleg dokument frå politimeisteren er lova om nokre dagar. Dokumentet skal godkjennast i Politidirektoratet og sendast ut til høyring m.a. i kommunane. Nedlegging av lensmannskontor føreset regjeringsvedtak, og prosessen legg stor vekt på at endringa har lokal oppslutting. Derfor er ordskiftet slett ikkje over – i mange kommunar i Vest-Telemark er ein slett ikkje overtydd om at ei nedlegging av kontoret samla sett vil gjeva eit betre tenestetilbod.
Her kan du sjå politimeistar Anne Rygh Pedersen presentasjon
Sist oppdatert 15.09.2010