Blomar veks i såret
Det var som om regnvêrsdagane blei endå gråare og mørkare denne helga i juli. Etter reportasjane frå Oslo og Utøya sit me fortvila og opprørde att – fortvila over alle dei som blei råka på ein så brutal og meiningslaus måte, og opprørde fordi det likevel var ei slags meining bak drapa og øydeleggingane.
Det var ikkje blind vald som råka tilfeldig, men derimot ekstreme handlingar ut frå ein nøye gjennomtenkt plan, med sikte på å få mest mogleg merksemd om fanatiske og sjuke politiske idear. Det syner seg at gjerningsmannen har vigd livet sitt til å kjempe mot eit samfunn der menneske med utspring i ulike kulturar og med tilknyting til ulike religionar kan liva side om side i gjensidig respekt og forståing. Han ser islam som det største trugsmålet den vestlege kulturen er utsett for, og meiner tydelegvis at i kampen for vesten mot islam kan alle midlar brukast.
Men dermed handlar han sjølv stikk i strid med dei mest grunnleggjande verdiane i den europeiske kulturen: den kristne og verdslege humanismen, som hevdar at mennesket er ukrenkjeleg og aldri skal kunne brukast som middel for andre føremål. Det er desse ideane som syner vegen til solidaritet på tvers av sosiale, kulturelle og etniske grenser, til dialog som metode for konfliktløysing, og til demokratiet som politisk system. Dette blir no rekna som universelle verdiar, omsette i praksis òg av personar utanfor den europeiske kulturkrinsen, som Mahatma Gandhi og Nelson Mandela.
I ord og gjerning står Anders Behring Breivik for det motsette av desse ideane, samstundes som tankekrafta hans på ingen måte stend i samsvar med den uhyggjelege øydeleggjande krafta han sjokkerte verden med den 22. juli. Det er ei aldri så lita trøyst at han ser ut til å vera åleine om misgjerningane sine, men det er tankevekkjande at dei faktisk har hatt grobotn i det norske samfunnet.
Ikkje minst er det tankevekkjande for oss i Vinje, som så ofte har understreka verdien av at det vesle samfunnet vårt har utvikla seg til å bli nettopp eit multikulturelt fellesskap. Dei vinbyggane som har tilknyting til islam, må oppliva fiendebiletet til drapsmannen som særleg uhyggjeleg og djupt urettferdig; men handlingane hans råkar òg alle som gjennom politisk arbeid og andre aktivitetar støttar opp om dette fellesskapet.
Blomar veks i såret, skreiv Aasmund O. Vinje. Eg vonar at ut or sorga og fortvilinga etter desse avskyelege hendingane skal humanismen, solidaritetskjensla og det politiske engasjementet bløme endå sterkare enn før, og eg oppmodar alle – og særleg dei unge – om å markere dette ved å slutte opp om valet i september.
Arne Vinje
Sist oppdatert 25.07.2011