Fylkesordførarens frykt for høgfart
Det er lenge sidan ein norsk høgfartsbane var ein fjern draum, og no har realiseringa av dette storfelte og framtidsretta prosjektet komi mykje nærare. Under handsaminga av budsjetta for 2008, 2009 og 2010 har Stortinget understreka «sitt engasjement for utbygging av framtidige høyhastighetsbaner», bedi om vidare utgreiingar og presisert at nye utbyggingsprosjekt bør «planlegges og bygges for høyhastighetstog etter europeisk høyhastighetsstandard på minst 250 km/t.» I NTP 2010 - 2019 er dette forsterka med vedtaket om at utgreiingane «skal ha bygging av høyhastighetsbaner som siktemål” (gjentatt òg i regjeringsfråsegna), at det særskilt bør arbeidast vidare med fleirbruksbanar for fjern-, regional-, InterCity- og godstrafikk og at InterCity-prosjekta bør kunne ”bli første steg i en framtidig høyhastighetsbane”.
Dette er alvor: føringane frå Stortinget er no følgde opp gjennom regjeringsvedtaket om å løyve 50 millionar kroner til å utgreie satsinga på høgfartstog. På Vestlandet, i Trøndelag og i dei fleste dalføra i Sør-Noreg grip næringslivsinteresser og lokale og regionale politikarar utfordringa og kastar seg inn kampen om kor dei fyrste høgfartsbanane skal byggast.
Berre ikkje i Telemark. - Jeg frykter at utredningen om høyhastighetsjernbane i Norge vil føre til at Eidangerparsellen atter en gang utsettes på ubestemt tid, seier fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (H) på heimesida til Telemark fylkeskommune.
Ingen skal vera i tvil om at fylkesordføraren vår reknar den såkalla Eidangerparsellen som det aller viktigaste samferdselsprosjektet i Telemark, no som før. I mange år har grenlandskommunane, næringslivet i regionen og fylkeskommunen streva med å få gjennomslag for kravet om ein ny jernbanetunnel mellom Porsgrunn og Larvik. Alle andre hol i fjellet blir sett på som mindre vesentlege enn nettopp dette, og denne kjensla blir stadig sterkare når prosjektet lid den same lagnaden som alle andre som ligg lenge nok: det blir dyrare og dyrare.
Eg skjønar det, og støttar dessutan kravet om at Eidangertunnelen blir prioritert og gjennomført. Eg skal heller ikkje kritisere fylkesordføraren for at me aldri har sett eit tilsvarande engasjement for dei samferdselsprosjekta som er heilt vesentlege for oss i den hin enden av fylket, t.d. nye tunnelar over Haukeli eller naudsynte investeringar på vegar som huvar etter opprusting og vedlikehald.
Men når me endeleg er nær eit gjennombrot i arbeidet for eit samferdselsprosjekt som kan innebera eit tidsskilje for heile fylket, eit tiltak som meir enn noko anna kan knyte by og land saman og sterkt redusere avstandsulempene i Øvre Telemark og dermed sikre næringsliv og busetnad – ja då hadde eg venta anna enn at fylkesordføraren gjorde dette til eit problem for Eidangerparsellen.
Mange vil seia at dette demonstrerer kor lojaliteten og interessene til fylkesordføraren ligg. Men etter mitt syn ligg elementet av tragedie i at det blir framstilt ei motsetning som faktisk ikkje eksisterer. Norsk Bane har lagt til grunn at òg Vestfoldbanen kan og bør byggjast ut for høgfart, som ein integrert del av det sørnorske høgfartsnettet. Ein ny tunnel mellom Porsgrunn og Larvik er ein sjølvsagt del av denne løysinga. Det kjem heller ikkje til å koste meir, meiner Norsk Bane:
«Ut i fra erfaringsmaterial og utført planleggingsarbeid for Larvik – Porsgrunn, vil prisen for dobbeltsporet bane gjennomgående dimensjonert for høyhastighetsstandard 270 – 300 km/t uten flaskehalser, også tilpasset godstrafikk, antas å være på samme nivå som Jernbaneverkets nåværende kalkyle på 5,3 mrd. Deutsche Bahn selv vil imidlertid ikke gå ut med noen tall før detaljert traséforslag er ferdigstilt i målestokk 1 : 5.000. Men det kan altså gjennomføres innen svært kort tid.»
Utfordringa mi til den elles duglege og vituge fylkesordførar Gunn Marit Helgesen er derfor: set deg grundig inn i planane til Norsk Bane og Deutsche Bahn! Sjå om ikkje nettopp dette prosjektet har alt som trengst for å bli ei felles sak for heile Telemark, eit mål som både Grenland og Vest-Telemark kan kjempe saman om, ei samlande oppgåve for politikarar frå Høgre til SV!
Arne Vinje
Sist oppdatert 12.03.2010