Juvstøyl
Åmot skule held på å totalrestaurere skrivarstoga til Tarjei Vesaas, Juvstøyl.
Hausten 2007 var me 4 elevar: Halvor, Tom Rune, Benjamin og Lars Kristian , som arbeide på Juvstøyl.
Hytta til Tarjei Vesaas trong å bli stelt med. Olav Vessas var glad for at me ville stelle hytta. Øystein Romtveit var med som fagmann, han gav oss menge tips. Han meinte at veggen måtte rettast opp og at det måtte leggast ny papp på taket, samt skifte bord der det trongst. Vindauga skulle me vurdere om var gode nok til å setje inn att.
Det var mykje å ta fatt på. Taket lok rundt pipa og taktroa hadde rotne bord som måtte skiftast.
Av med jorda på taket, vekk med pappen. Dette var mykje arbeid, men for å bli ferdige hadde me ein langdag. Då fekk me på papp, så taket vart tett.
Ei taksperre ved sida av pipa måtte skiftast. Dette sette oss på store prøver, trongt og vanskeleg, men me klarte å få til ei brukeleg innfelling.
Hausten 2008
3 elevar, Vegard, Bjørn Erik og Lars Kristian har i haust jobba med vidare på Juvstøyl.
Begge vindauga har me stelt opp men har likevel valt å kjøpe nye. Dei gamle hadde dårleg kvalitet, men mykje lærdomm i å restaurere gamle glas.
- Sinke saman karmar.
- Skjera i glas.
- Stifte og kitte glas.
I haust har me hogd småtre og runningar rundt hytta, fyra opp pappen frå det gamle taket og fått det fint på Juvstøyl.
Steffen Taraldlien har laga pipebeslag, så nå er det klart for ein ny vinter. Resten må gjerast til våren.
Sist oppdatert 13.11.2008