Framlegg til detaljplan for Holtardalen del av 150/1, 150/94 mfl PlanID 20100004 - offentleg ettersyn
Plan- og miljøutvalet vedtok 21.04.10, sak 10/49, å leggje framlegg til detaljplan for Holtardalen ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova 2008 § 12 - 10.
Området er tidlegare regulert i reguleringsplan for Leirgrav og Holtar, vedteken 15.06.06. Framlegg til detaljplan for Holtardalen er ei endring av delar av denne planen.
Planframlegget inneber til dels ei vesentleg anna arealbruk enn det kommunedelplan Rukkemo – Torvetjønn visar. Dette utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing, jfr. pbl 2008 §§ 4-1 og 12 – 9. Planprogrammet vart vedteke i kommunestyret 11.02.10. Konsekvensutgreiinga inngår i planomtala.
Planframlegget legg til rette for
- Noko fortetting mellom Holtarheisen og Tverrliheisen.
- Fleire nye hytteområde i nokre område der det tidlegare var regulert til heisar og nedfartar. Om lag 120 nye hyttetomter med ein liten heis og ein del nedfartar/løyper/grøne korridorar i mellom.
- Omregulering frå næring til fritidsbustad i ein del område.
- Høgare grad av utnytting i områda for fritidsbustader (i område som tidlegare var regulert til næring, var det allereie høg grad av utnytting).
- Fleksible føresegner m.o.t. samanslåing og oppdeling av tomter, type fritidsbustad osb.
- Diverse andre mindre endringar (vassmagasin, fjellkyrkje).
Sjå planomtala og saksframstillinga.
Med ny reguleringsplan for Holtardalen, blir dei tre utbyggingsplanane for Holtar N4 vestre del, del C og del D oppheva i medhald av pbl 2008 § 12 - 14.
Planframlegget kan ein sjå på Tenestetorget i Åmot . Ein kan og ta kontakt med Vinje kommune, tlf. 35062300. I perioden for offentleg ettersyn kan alle kome med skriftlege merknader til Vinje kommune, innan 10.08.10.
Dokument :
Være merksam på at nokre av filene er så store at det kan ta tid å laste dei ned.
Plan- og miljøutvalet 21.04.10, sak 10/49
Plankart
Planomtale med KU og føresegner
Planprogram
Presentasjon av dei viktigaste endringane i høve til gjeldande plan
Foto Holtardalen sett frå Juvstøyl
Foto byggeområde Bfb5 – Bfb10
Foto byggeområde Bfb11
Skisse markert helling brattare enn 1:4
Snitt terreng arealbruksformål
Snitt-kart
Hydrologi
Stiar og løyper
Korridorar – samband til heisar og byggeområde
Biologisk mangfald rapport
Skredrapport
Reiselivsbasert verdiskaping i Vinje – rapport
”Blått område – reguleringsmesig fartsdump ved omsetning av fritidseiendommer” brev
Sal- og tilbakeleige – rapport
Veg1 – lengdeprofil
Veg1 - tverrprofil
Veg2 – lengdeprofil
Veg2 - tverrprofil
Veg3 – lengdeprofil
Veg3 - tverrprofil
Veg4 – lengdeprofil
Veg4 - tverrprofil
Veg6 – lengdeprofil
Veg6 - tverrprofil