Reglar for leige av kyrkjer i Vinje
Reglane er vedtekne av Vinje kyrkjelege fellesråd i sak 003/10- 07.01.10.
I fylgje sak ABR 121/98 kan kyrkjeleg fellesråd auke leigesatsen ein gong årleg i samsvar med konsumprisindeksen, og timesatsar i samsvar med lønsjusteringar, utan at dei nye satsane vert lagt fram for bispedømerådet.
Vinje kyrkjelege fellesråd har desse reglane når andre enn kyrkje sine eigne organ nyttar kyrkja til anna enn gudstenester og gudstenestlege handlingar.
REGLAR FOR UTLEIGE AV KYRKJENE I VINJE KOMMUNE.
1. Arrangørar som ikkje har lokal tilknytning og som har inntekter av bilettsal i kyrkjene i Vinje. Betalar 10% av bruttointektene, minimum kr 2.000-, til Vinje kyrkjelege fellesråd.
2. Arrangørar som ikkje har lokal tilknytning og som ikkje har inntekter av bilettsal i kyrkjene i Vinje. Kr 1.000,- til Vinje kyrkjelege fellesråd.
3. Arrangørar som har lokal tilknytning og som har inntekter av bilettsal i kyrkjene i Vinje. Betalar 5% av bruttointektene, minimum kr 1.000-, til Vinje kyrkjelege fellesråd.
4. Arrangørar som har lokal tilknytning og som ikkje har inntekter av bilettsal i kyrkjene i Vinje, betalar ikkje leige.
5. Administrasjonen kan dispensere frå p. 1 – 4.
6. Administrasjonen kan justere satsane i samsvar med prisindeksen.
7. Reglane trer i kraft frå 1.1.2010.
Sist oppdatert 10.09.2010