Elektronisk samhandling - helse og omsorg
Pilotprosjektet er eit samarbeid mellom Vinje og Tokke kommunar og samt leverandørar av IKT –utstyret som nyttas i vår region.
Vinje og Tokke kommunar samarbeider om legevaktsordning. Legar på vakt har i dag ikkje tilgang på pasientopplysningar i samarbeidskommunane. Det er viktig for å få på plass teknologi og rutinar som betrar informasjonsflyten i den interkommunale legevakta.
Vi har som mål å få på plass samarbeidsavtaler, rutinar og IKT- løysingar/programvare som kommuniserar slik at pasientlogistikken mellom legane og vidare til dei avdelingar som skal vidarebehandle brukaren blir sikker og effektiv.
Arbeidet vil vere viktig for å redusere avvik og feilmedisinering og sikre rett behandling.
Arbeidet med informasjonstryggleik er knytt til å få på plass rutinar på alle nivå og ”Norm for informasjonssikkerhet i helsesektoren”, står sentralt i arbeidet.
Overføringsverdi til andre:
Prosjektet vil finne løysingar på korleis ein teknisk og praktisk kan få på plass tekniske løysingar og praktisk samhandling mellom legejournalar Proffdoc og PROFIL i vår region.
Tre kommunar i Vest- Telemark har innført Profil dei seinaste 3 åra, dei tre andre kommunane er i gang. Samarbeidet er initiert av rådmennene og dette inneber implementering av fleire modular av verktøyet Profil. Prosjektet handlar om å ta ut effekt av den teknologien vil har på plass og vil såleis ha direkte overføringsverdi for dei andre kommunane i vår region når dei kjem opp på vårt nivå.
Sist oppdatert 10.09.2010