Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Tokke - Vinjekonsesjonen og EU`s vassrammedirektiv

Arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkåra for Tokke-Vinjevassdraget har no kome eit godt steg vidare. FAUN Naturforvaltning er engasjert og det er sett ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe.

Tokke og Vinje kommunar har no engasjera FAUN Naturforvaltning AS i arbeidet med vilkårsrevisjonen av Tokke-Vinjevassdraget, samt arbeidet i høve til EU's vassrammedirektiv.

NVE har no formelt opna revisjonssak, og Statkraft som konsesjonær har fått frist til hausten 2010 med å utarbeide eit revisjonsdokument.

Eit viktig element i dette revisjonsdokumentet er dei krav om endringar i konsesjonsvilkåra som kommunane på vegne av dei ålmenne interessene skal fremje.

For å utarbeide kommunane sitt kravdokument - der utarbeiding av miljømål i medhald av EU's vassrammedirektiv er ein viktig del, har det felles kraftutval for Tokke og Vinje kommunar sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå båe kommunane og Statkraft.
Helge Kiland frå FAUN er sekretær og drivkraft i arbeidet.

Høyringar 
Referat 
Tiltak 
Forvaltningsplan 
Generell informasjon

Botndalsvatnet, Tokke kommune

Sist oppdatert 10.09.2010