Transportordninga for funksjonshemma
Føremål med TT–ordninga er å gjera funksjonshemma i Vinje kommune
(Telemark) meir mobile og kunne ha eit sosialt liv på lik line med andre.
Dette er ein dør til dør teneste med drosje.
Tenesta kan brukast til alle formål, men skal ikkje nyttast til transport som blir dekt
gjennom trygdeordningar t.d. transport til doktor/sjukehus/fysioterapi.
TT –ordninga skal ikkje vera i staden for eit manglande rutebiltilbod.
TILBODET
TT-ordninga er todelt
- Individuell transport: Dette er ei dør-til-dør teneste med drosje.
- Fellestransport: Dette er faste turar til fastlagte tider som kan brukast av alle
innbyggjarane i kommunen. Personar med innvilga individuell transport,
lettare funksjonshemming eller aldersrelaterte lidingar kan bli henta ved døra.
Andre personar kan hentast/bringjast langs rutetraseen.
GODKJENNING AV BRUKARAR INDIVIDUELL TRANSPORT
Kommunen godkjenner brukarar etter reglar som Telemark Fylke har sett opp.
Tilbodet blir primært gjeve til personar mellom 12 og 67 år som har monaleg og
varig funksjonshemming.
Dette gjeld:
- Blinde / sterkt svaksynte.
- Rullestolbrukarar.
- Blinde og rullestolbrukarar over 67 år godkjennast for individuell transport.
- Sterkt funksjonshemma av andre årsaker (psykisk og fysisk).
Har man fått godkjenning av individuell transport før fylte 67 år, vil den automatisk
fortsette etter 67 år.
KOR GJELD ORDNINGA?
Ordninga gjeld for reiser i Telemark. Bruk utanfor eige fylke må avklarast
med drosjesentralen på den aktuelle staden.
GRUPPERING AV BRUKARAR
| Gruppe | Brukar | Tildeling 1. halvår 2010 |
| Gruppe E 1 |
Brukarar som bur inntil 20 km frå næraste kommunesenter/senter |
Kr 2000,- |
| Gruppe E 2 |
Brukar som bur over 20 km frå kommunesenter/senter |
Kr 2.250,- |
| Gruppe E 3 |
Rullestolbrukarar |
Kr 2.500,- |
| Gruppe E 4 |
Rullestolbruarar med reiseavstand over 20 km |
Kr 2.750,- |
TINGING AV TUR
- Individuell transport:
Bestilling av drosje skjer til næraste drosjeeigar i området.
Brukaren informerar drosjesjåføren om TT–kort skal nyttast på turen.
- Fellestransport:
Dette er eit tilbod lagt opp etter faste rutetrasear og faste avgangstider.
Plass må bestillast dagen før, innan kl.17.00.
Sjå oversikt over rutetraseane her
EIGENANDEL
- Individuell transport:
Betalar for kvar tur kr. 25,- i eigenandel. Eigenandelen betalast direkte til
drosjesjåføren av bilen.
Kortet må vera med på kvar tur.
TT – korta kan ikkje overdragast til andre. Kortet er eit indentitetskort av
brukaren.
- Fellestransport:
Alle brukarar av fellstransporten må betale ein eigendel for kvar tur.
BRUK AV KORTET
For kvar enkeltreise vert det trekt på kortet, turens pris minus eigenandel kr. 25,-
som betalast direkte til sjåføren.
LEDSAGERBEVIS
Personar som har ledsagerbevis, kan ta med seg medhjelpar gratis.
INFORMASJON PÅ KORTET
Kortet har informasjon om kvar ein kan vende seg for å kunne få saldoen på kortet.
Brukarens namn, foto og brukarnr står på kortet.
AVTALE MED DROSJESÅFØRANE - OPPGJERSORDNINGA
Det er Rogaland Taxi AS, Postboks 1013, 4095 Stavanger som administrerer
ordninga, tel oppgjeret og inngår avtale med transportørane.
Påfyll av korta er to gonger i året, 1.januar og 1.juli.
Beløpet kan endre seg frå år til år.
Søknadsskjema
Legeerklæringsskjema
For nærare informasjon kan du kontakte Tenestetorget tlf 35 06 23 00 eller
Telemark fylkeskommune http://www.telemark-fk.no/ eller på tlf 35 58 42 00.