MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Røysting på helse- og sosialinstitusjonar og ambulerande røysting

Kommunen skal halde førehandsrøysting på helse- og sosialinstitusjonar og gje røystarane høve til abulerande røysting.

På helse- og sosialinstitusjonar: 
Det skal det haldast førehandsrøysting på helse- og sosialinstitusjonar.

Dette omfattar sjukehus, pleieheimar, etterbehandlingsheimar osv.
Ein kan også ta imot førehandsrøyster heime hos personar som held til i trygde- og omsorgsbustader med direkte tilknyting til institusjonar som er nemnde framafor.

Ambulerande røysting:
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røyste der det blir halde førehandsrøysting, kan etter søknad til valstyret førehandsrøyste der dei held til.

Det er ingen formelle krav til innhaldet i søknaden. Det er til dømes ikkje noko krav om at søknaden må vere skriftleg. Det må likevel gå fram av søknaden at veljaren
er sjuk eller ufør og derfor ikkje er i stand til å førehandsrøyste ein annan stad.

Skrifteleg søknad kan sendast til:

Vinje kommune
v. Valstyret
Vinjevegen 192
3890 Vinje

Eller ta kontakt med kommunen pr. telefon på tlf. 35 06 23 00.

Frist for ambulerande røysting er onsdag 7. september 2011 kl. 15.30

Stader for førehandsrøysting på institusjonar:

 Stad Dato Vekedag  Klokkeslett 
- Norheimstunet 26.08.11 fredag kl. 10.00 – 14.00
- Rauland bygdeheim 30.08.11 tysdag kl. 10.00 – 14.00
- Vinje sjukeheim 05.09.11 måndag kl. 10.00 – 14.00
 

Sist oppdatert 27.06.2011