MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Kven har røysterett

Ved stortingsval har desse personane røysterett, jf. vallova § 2-1:

Norske statsborgarar som
• vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
• ikkje har mist røysteretten etter Grunnlova § 53 og som
• er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.


Ved kommunestyre- og fylkestingsval har desse personane røysterett, jf. vallova § 2-2:

Alle som har røysterett ved stortingsval og i tillegg ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei:
• har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
• er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.

Når det gjeld butid for utanlandske statsborgarar, er det eit krav at denne tida er registrert samanhengande dei tre siste åra.

Sist oppdatert 10.05.2011