MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Tidlegrøysting

Veljarar kan røyste innanriks frå 1. juli, såkalla tidlegrøyste. Det er mogleg å tidlegrøyste fram til og med 9. august, det vil seie fram til den ordinære førehandsrøystinga startar 10. august.

Ordninga gjeld alle veljarar. Tidlegrøysting er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å førehandsrøyste innanfor ordinær periode eller på valdagen.

Det er likevel ikkje krav om at veljaren må dokumentere at han eller ho ikkje har høve til å førehandsrøyste eller til å røyste på valdagen.

Veljarane skal ha høvet til å røyste i kva som helst kommune i landet. Det er med andre ikkje noko krav om at veljaren skal røyste i den kommunen han eller ho er
manntalsført.

Veljaren kan vende seg til kommunen og be om å få røyste. Dette kan skje skriftleg eller munnleg.

Sist oppdatert 10.05.2011