Anleggsbidrag
Alle som vil koble seg på kommunalt vatn og/eller avløp i utbyggingsområde for fritidsbustader i Rauland (jf kommunedelplan Rauland), må betale eit anleggsbidrag og eit tilknytingsgebyr til Vinje kommune.
Det same gjeld i utbyggingsområde for fritidsbustader i Vågslid (jf kommunedelplan Vågslid), men her er det bare avløp som er aktuelt.
Alle som bygger i dei aktuelle områda må betale anleggsbidrag for å få byggeløyve.
Kommunen sender ut ei avtale som tiltakshavar må underteikne og returnere. I etterkant blir det sendt ut faktura frå kommunen (kommunen fakturerer rundt 20. i kvar månad).
Har du ei eldre hytte uten vatn/avløp og ynskjer å koble deg på det kommunale anlegget, ta kontakt med Tenestetorget tlf 35 06 23 00.
Ein del av anleggsbidraget er momspliktig og ein del ikkje - sjå nærare informasjon under prisar.
Sist oppdatert 30.01.2012