Reglar
Reglane for anleggsbidrag er slik:
1.
Reiselivsverksemder, og turistanlegg med ordinære utleigeeiningar, er fritekne for å betale anleggsbidrag. Denne ordninga gjeld til og med 31.12.2009.
2.
Andre næringsbygg, med kun fast bygningsmasse, skal betale etter faktisk BRA (gjeld ikkje sal/tilbakeleige). Andelspliktig arealgrunnlag skal avkortast etter fastsett degresjonstabell:
- inntil 250 m2 - 100 %
- over 250 m2 - 60 %
Etablering av toalettfasilitetar meint for ålmenta er friteke for anleggsbidrag.
3.
Bygg med 2 eller fleire bueiningar betalar anleggsbidrag pr. bueining som for bygg med 1 bueining, med ein minstepris tilsvarande 120m2 BRA pr. eining. For areal utover 120m2 BRA pr eining, er det pris pr m2 etter gjeldande satsar for anleggsbidrag.
4.
a)
Sal- og tilbakeleigeeiningar skal betale anleggsbidrag på ordinært vis.
b)
Sal og tilbakeleige oppfyller kravet til næring dersom det er 8 år tvungen tilbakeleige, rekna frå ferdigattest er gjeve. Minimum 70% skal være øyremerkt utleige. Andre føresetnader for sal og tilbakeleige er at kontraktane med disse vilkåra må tinglysast.
Det må vera meir enn ein bueining pr hytte. Standardiserte planløysingar og materialval vil vera ein føremon.
Dokumentasjon på at vilkåra er innfridde skal leggjast fram ved søknad om byggjeløyve.
Reglane i dette punktet gjeld også for eventuelle einingar som har fått byggjeløyve tidligare, og som nyttar denne modellen.
Eksisterande og nye utbyggingsavtalar/samarbeidsavtalar gjeld for de nevnte utbyggingsformar, og det må elles etablerast serviceavtalar for all bruk med Rauland Turist AS, Reisemål Haukelifjell, Vågslid Utbygging AS, eller andre fellesorganisasjonar.
Utleige av Sal- og tilbakeleige skal vera av profesjonell karakter. Ein føreset at all booking skal skje gjennom Rauland Turist eller Haukeli Booking AS, eventuelt andre profesjonelle aktørar med tilsvarande system i Vinje kommune.
5.
Desse reglane erstattar tidlegare vedtak om anleggsbidrag.
Vedtatt i kommunestyret 06.11.2006, sak 06/77
Sist oppdatert 13.10.2011