Grensejustering, arealoverføring og tilleggsareal
Grensejustering
Grensejustering i eigen sak jf Matrikkellovas §16 går ut på å overføre mindre areal mellom eigedomar, både einsidig og ved makebytte. Kommunen vurderar i kvart enkelt tilfelle kva som går under ordlyden mindre areal. Tinglysinga har satt ei grense på 5 % av den minste tomta som er berørt av justeringa. Det vil seie at om den minste tomta er på 1000 kvm så er det maks eit areal på 50 kvm som kan justerast. Reglane har blitt kraftig innskjerpa i høve til tidlegare praksis hjå sorenskrivarkontora. Fordelen med å nytte grensejustering er at ein slepp å tinglyse nytt skøyte på tilleggsarealet og at ein såleis slepp å innhente fråsegn om fantefråfall. Søknad om grensejustering er ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Sjå søknadsskjema her.
Arealoverføring
Areal kan overførast mellom tilgrensande matrikkeleiningar utan at arealet blir oppretta som eiga matrikkeleining. Før slik arealoverføring kan matrikkelførast, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny matrikkeleining. Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om overdraging av eigedomsrett, og om pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet. Dette er eit nytt begrep som har kome inn med den nye matrikkellova og som krev ei så omfattande rekke av nødvendige fråsegner at det i dei fleste tilfelle vil vera enklare å bruke overføring av tilleggsareal.
Tilleggsareal
Nært slekta med grensejustering og arealoverføring er frådeling av tilleggsareal. Dette vil gjelde areal som skal nyttast som tillegg til eksisterande eigedommar men som ikkje fell inn under ”mindre” arealoverføringar. Forskjellen er her at det vert oppretta ein eigedom med eige gnr/bnr som det må tinglysast skøyte på og der ein må innhente fråsegn om pantefråfall. I mange tilfelle vil det også her være naturleg å slå saman tilleggstomta med hovudtomta, noko som det også vert sett vilkår om i dei fleste slike saker i handsaminga etter plan- og bygningslova. Søknad om tilleggsareal er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Sjå søknadskjema her.
Sist oppdatert 10.09.2010