Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Søknad om deling

Kva for skjema skal ein bruke?
Etter at matrikkellova vart gjort gjeldande frå 01.01.2010 er det kome nytt skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning (søknad om deling).

Skjema kan ein også få ved å vende seg til kommunen.

Som vedlegg skal det vera med situasjonskart som viser ca tomteareal og kva eigedommar som vert omfatta av delinga. Det er også svært viktig at det vert lagt med gjenpart av nabovarsel som viser at alle aktuelle partar er varsla i saka (om ikkje dette ligg ved må ein kunne forvente å få saka i retur). Det er heimelshavar som skal skrive under - der det er det er fleire heimelshavarar, må alle skrive under.  

Kvar skal ein levere søknaden?
Søknad om deling skal til Vinje kommune. Saka vil her verta journalført og overført til sakshandsamar. Adresse for levering er Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 VINJE.

Handsaming av søknaden
Søknaden vert gått gjennom og ved eventuelle manglar eller feil vil denne verta returnert til søkjaren. Før ein tek saka opp til handsaming, må ein innhente fråsegner/vedtak frå andre offentlege myndighetar der dette er nødvendig, det kan t.d vere løyve om avkjøring frå veg der Statens vegvesen må kontaktast. I einskilde tilfelle vil saka også verta sendt til Fylkesmannen før ein tek den opp til handsaming.
Ein viktig del av sakshandsaminga etter Plan- og bygningslova (PBL) vil vera å sjekke planstatus. Er delingsforslaget i strid med planstatusen må det søkjast om dispensasjon jf PBL, kapittel 19. Andre viktige moment vil vera korleis ein har tenkt å løyse tilkomst for den fråskilde parsellen - er det tenkt ny bilveg fram, bruk av eksisterande veg, gangveg, parkering osv. Korleis ein har tenkt å løyse vassforsyning og avløp må også kome klart fram. Er det vidare slik at delinga omfattar landbrukseigedommar/areal må saka også handsamast etter jordlovas §12.
Ei samla vurdering av sakas realitetar vil føre fram til utfallet av saka. Det vil også vere ei vurderingssak om saka skal leggjast fram for politisk handsaming i planutvalet eller om ein kan ta saka innafor delegasjonsreglementet. Avslag på delingssøknad er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter Forvaltningslova §28.

Tips
Legg med eit skriv som forklarar litt om bakgrunnen for søknaden, spesielt er dette viktig ved dispensasjonssaker der sakshandsaminga krev grunngjeven søknad jf PBL, kapittel 19. Pass på at postane i søknadsskjemaet er fylt ut og at alle vedlegg ligg med, spesielt viktig med gjenpart av nabovarsel.

Oppmåling av tomta
Etter at søknaden er godkjent vert saka oversendt oppmålingsavdelinga for vidare handsaming etter matrikkellovas reglar.

Sist oppdatert 23.12.2010