Kartforretning, oppmåling av tomt
Frå 01.01.2010 er all sakshandsaming i samband med kart- og oppmålingssaker underlagt reglane i den nye Matrikkellova. Dette inneber ein meir omfattande saksgang med større fokus på klarlegging av tredje parts rettar, kvalitetskontroll på målearbeid og tidsfristar for sakshandsaming m.m. Det har kome inn nye sakstyper, det er innført endringar rundt tinglysing og det er endringar rundt utskriving av målebrev, som no heiter matrikkelbrev.
I tillegg til dette så er det eit mål at etterslepet av gamle saker skal fjernast innan ein tidsramme på nokre få år. Alt dette vil naturleg medføre eit auka arbeids- og tidspress innan fagområdet, men det er eit mål frå vår side å kunne tilpasse oss dette nye regelverket på ein måte som gjer oss i stand til å yte minst like god kundeservice som tidlegare.
Slik det ser ut nå, må nok kundane likevel kunne forvente at vi må tilpasse sakshandsamingstida slik at dei enklaste sakene, som ein meir eller mindre tok på sparket tidlegare, nå kan få noko lengre sakshandsamingstid etter den nye lova. Dette på grunn av at det nå er kome mykje strengare reglar for utferding av utsett oppmålingsforretning ( tidlegare midlertidig forretning) og at dei klart definerte tidsfristane har medført at kommunen har innført ”vintertid” i oppmålingssaker. Dette betyr at ein ikkje reknar sakhandsamingstidsbruken til å gå mellom 1. november og 30 april - jf lokal forskrift om vintertid.
Arbeidsoppgåver på oppmålingsavdelinga
- Søknad om deling
- Søknad om seksjonering/reseksjonering
- Sakshandsaming etter matrikkellova:
- Oppmålingsforretningar
- Grensejusteringar
- Arealoverføring
- Grensepåvising
- Samanslåing av eigedommar
- Registrering av jordsameige
- Oppretting av anleggseigedom
- Føre eigedomsmatrikkelen, oppretting av nye gardsnr, bruksnr, festenr
- Ajourhald av kommunens digitale eigedomsdatabase
- Tildeling og ajourhald av offisielle gateadresser
- Forvaltning og àjourhald av kommunens digitale kartdata
- Utdrag – sal av digitale kartdata
- Kommunens representant i Geovekstavtaler (nye kartleggingsprosjekt)
Sist oppdatert 08.11.2010