Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skøyte og tinglysing

Kartforretning
Vinje kommune skriv ikkje ut skøyte i samband med overføring av heimel for ein eigedom. Dette er ei sak mellom seljar og kjøpar, som sjølve må syte for å skrive skøyte og få dette tinglyst. Hugs at skøytet må skrivast ut i to eksemplar. Skriv under på båe og send dei saman med Eigenfråsegn for konsesjonsfritak til
Statens kartverk
Tinglysingen
3507 Hønefoss

NB! Det er også viktig å hugse på at alle hefte (t.d panteobligasjonar) som er på avgjevar av eigedommen (eigedommen før deling), automatisk fylgjer med vidare på denne nye parsellen. Her bør seljar ordne med sletting av eventuelle hefte.

Statens kartverk vil krevje tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift.

Samanslåing av eigedomar
Der ein eigedom består av fleire parsellar med eige gnr/bnr bør ein prøve å samanføye desse til eit registernummer. Dette er gratis og ein vil få ein betre oversikt ved eventuelt sall og overtaking av eigedommar. Det er ein fare t.d å utegløyme tilleggsareal ved sal, samstundes som det kan vera uoversiktleg i høve til pantehavarar og andre tinglyste hefte på eigedommen. Skjema for krav om samanslåing av eigedomar finn du her.
Tinglysingstelefon 32 11 88 00 (08.15 - 14.00).

Meir informasjon om skøyte, tinglysing m.m. finn du på Statens Kartverk     

Eigenfråsegn om konsesjonsfritak 
skal liggje ved skøytet når det skal tinglysast. 
Utfylt skjema skal sendast Vinje kommune for stempel og underskrift - send skjemaet til Vinje kommune, Tenestetorget, 3890 Vinje

Meir informasjon om konsesjon, konsesjonsfritak og omsetnad av fast eigedom finn du her 

Sist oppdatert 11.01.2011