Reglar for tildeling av kommunal bustadtomt
1. SØKNAD OM TOMT
a) Tomtesøkar definerast som ein husstand. Kun ein i husstanden kan søke om tildeling av tomt innanfor same felt. Tomtesøkarar skal vere fylt 18 år.
b) Når det skal delast ut tomter på eit nytt område, blir dette avertert i lokal- og regionalaviser og på heimesida til Vinje kommune. Dei som ønsker å få tildelt tomt på området, sender tomtesøknad.
c) Søknad om tomt skjer på eige skjema, der søkar fører opp 1. til 3. prioritet, som er endeleg.
d) Tenestetorget stadfestar mottaking av søknaden.
2. TILDELING
Tenestetorget handsamar søknadane om tildeling av tomt.
3. REGLAR FOR TILDELING
3.1 Nye tomteområde
Tildeling av tomter blir gjort etter følgjande prosedyre: a) Rekkefølga for val av tomt blir avgjort ved trekning mellom dei registrerte tomtesøkarane på det aktuelle tomtefeltet.
b) Tomtesøkarane får deretter tildelt den første ledige tomta i høve til sine prioriteringar. Dersom alle søkarens prioriterte tomter er opptekne, vil søkar velje fritt blant dei som er ledige.
c) Trekninga skjer i regi av Tenestetorget og blir gjennomført av ordføraren, og det blir ført protokoll frå trekninga. Tomtesøkarane har høve til å vere tilstades ved trekninga. Vinje lensmannskontor ser til at trekninga går rett føre seg.
d) Tomtesøkarane får melding om resultatet av trekninga.
e) Den enkelte som er tildelt tomt, må gje svar innan to (2) veker etter tildelinga om han tek mot tilbodet eller ikkje.
f) Dersom det er fleire tomtesøkarar enn tomter, blir overtallige søkarar ståande på venteliste i den rekkefølgje som er gitt ved trekninga.
g) Ved tilbakelevering av tomter blir desse tilbudt fortløpande til søkarar i samsvar med ventelista.
h) Etter avvikling av ventelista gjeld reglane for tildeling som opplyst nedanfor under ”Ledige tomter i eksisterande felt”, pkt.3.3.
i) Det er ikkje høve til å selje tomta vidare.
j) Tomta vert skøyta over til ny eigar når byggeløyve ligg føre.
3.2 Unntak
a) Ovanståande reglar kan fråvikast når det ligg føre tungtvegande årsaker.
b) Søknad etter punkt a) blir avgjort av plan- og miljøutvalet.
3.3 Ledige tomter i eksisterande felt Tildeling skjer fortløpande etter kvart som søknader kjem inn. (”Først til mølla”-prinsippet).
4. TILBAKESAL
Tomtekjøpar som leverer (sel) tilbake tomta dekker kommunens utgifter og mottar kjøpesum med frådrag av kommunens utgifter ved tilbakesalet. a) Annullering av boligtomtkjøp før tinglysing: kr. 0,-
b) Annullering av boligtomtkjøp etter tinglysing:
Kommunens utgifter: Tinglysing, skjøte pr. januar 2010 : Kr. 1.548,-
Dokumentavgift, 2,5 % av kjøpesum: Avhengig av kjøpesum
c) Ved tilbakesal av tomt, kan tomta averterast på nytt.
Sist oppdatert 10.09.2010