Jordmorteneste informasjon
Velkomen til svangerskapskontroll hos jordmor på helsestajonen i Åmot.
Jordmor er på kontoret stort sett ein langdag kvar veke, men det er ikkje faste dagar då jordmor også er ein del av vaktsamarbeidet i Vest-Telemark.
Jordmor vil gje deg ein god svangerskapsomsorg og ynskjer å skape ei fin forventning fram mot fødselen og til den nye foreldrerolla. Det blir sett av god tid til svangerskapskontroll, samtale, informasjon og undervisning. Alle gravide har ulike behov og me prøvar å tilretteleggje omsorgen slik du ynskjer. Ved fyrste timeavtale får du bøker og informasjonsbrosjyrer.
Sjølve svangerskapskontrollane inneheld:
-
BT
-
Urinkontroll
-
Rekvirere blodprøver
-
Vekt
-
Lytte til barnets fosterlyd
-
Måle korleis barnet veks i magen
-
Jordmor kan også henvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for dette og utføre graviditetstest
Foredreførebuande kurs/undervisning inneheld samtale om:
-
Ventetida
-
Amming
-
Fødsel
-
Barseltida
For dei som ynskjer det tilbyr jordmor akupunktur for svangerskapsrelaterte plager eller modning før fødsel.
Du får god informasjon om føde/barselavdelinga i Skien. Jordmor kan også bestille time til omvisning. Dersom du har ynskje om ein annan fødestad formidlar jordmor kontakt dit. Frå 2012 er det døgnkontinuerleg jordmorvakt i Seljord som du kan kontakte ved akutte ting i svangerskapet eller barseltida og ved fødselstart. Alle i Vinje kommune har tilbod om fylgjeteneste til fødeavdelinga i Skien.
For timebestilling kontaktar du jordmor direkte på tlf. 99401860 eller via legekontora i kommunen. I svangerskapet er det frivillig å gå til jordmor eller lege eller vekselvis begge.
Tilslutt, du er alltid velkomen til å kontakte kommunejordmor i Vinje, på tlf. 99401860.
Sist oppdatert 28.02.2012