Rehabteam
Vinje kommune har vedteke ein rehabiliteringsplan som gjeld til 2010. Denne planen seier korleis rehabiliteringsarbeidet i kommunen er organisert.
Rehabiliteringsteam
Teamet er sett saman av fagpersonar frå omsorg, helse og sosial - ein i frå teamet er leiar.
Noverande leiar er helsesjef Ann Wraa.
Teamet har faste møte, tek i mot søknader om individuell plan og hadsamar dei. Teamet har myndighet til å utpeike koordinator i alle aktuelle einingar, dette i samråd med brukaren. Teamet ser også til at ei gruppe rundt brukaren kjem i gang, såkalla rehabiliteringsgruppe (tidlegare ansvarsgruppe).
Adresse til teamet
Rehabiliteringsteamet v / rehabiliteringsleiar, Vinje kommune 3890
Vinje Gruppa blir leia av ein koordinator og er sett saman av fagpersonar som står nær brukaren. Pårørande kan også vera medlemmer i gruppa. Desse personane har som oppgåve å utarbeide
Rehabiliteringsgruppe
individuell plan , og syte for at aktuelle tiltak blir gjennomført .Rehabiliteringsgruppa vil i mange tilfelle vera lik den ”gamle” ansvarsgruppa.
Skjema for ønskje om individuell plan i Vinje kommune har ein hittil bruka SINTEF Unimed sitt hefte om individuell plan. Ein planlegg å innføre elektronisk mal for individuell plan, noko som i starten vil medføre meirarbeid, men på sikt vil ein vinne på det, særleg om ein får til eit samarbeid med fleire kommunar i Vest- Telemark.
Arbeidsreiskap i Vinje kommune sitt rehabiliteringsarbeid
Nærare informasjon om individuell plan
Sist oppdatert 13.09.2010