MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Bålbrenning

Brenning av flis, bygningsmateriale og anna søppel er forbode etter forureiningslova §7. Løyve til slik brenning vil ikkje bli gjeve.

I følgje føresegna til brannvernlova § 26 er det forbode å brenne bål i eller i nærleiken av skog og utmark mellom 15 april til 15 september. Søknad om bålbrenning skal sendast til leiar beredskap i Vinje, 3890 Vinje, tlf.350 72600. Brenning utanom dette tidsromet skal og godkjennast av brannvesenet ved leiar beredskap eller brannvakta i Vinje.

St. Hans bål vil skje etter følgjande retningsliner:

1. Søknad om St.Hansbål skal godkjennast av Vinje kommune ved leiar beredskap, eller brannvakta i Vinje..

2. Løyve frå grunneigar må føreligge.

3. Ein vaksen person skal vere ansvarleg.

4. Bålet skal ikkje vere stort og må ha trygg avstand til bygningar, skog og brennbart materiale.

5. Ansvarshavande skal syte for at bålet er under kontroll, også med omsyn til eventuelle gneistar. Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg mengde vatn og bålrestar må fjernast.

6. All bålbrenning skjer på eige ansvar. Utgifter brannvesenet måtte få på grunn av utrykking til bålbrann, kan det bli kravd dekt av bålbrennar.

7. Vurdering om løyve kan gjevast, blir gjort først gjort tett innpå St. Hans.

Publikum blir elles oppfordra til og vise omsynt i høve brannfare ved ferdsel i skog og mark.

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR VEDK. BÅLBRENNING

Telefonar: Tenestetorget, 35 06 23 00, Leiar beredskap: 35 07 26 00.

Sist oppdatert 13.09.2010