Feiing og tilsyn
Feieordninga i alle dei seks Vest-Telemark kommunane, er lagt under Vest-Telemark brannvesen IKS frå 1. april 2009.
Feietenesta er ein del av brannvesenets lovpålagde førebyggande oppgåver. I brann- og eksplosjonsvernlova §11 pkt. h), står det at kommunen skal syte for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. I feietenesta inngår feiing av skorsteinar og bustadtilsyn. Bustadtilsyn er ein utvida kontroll av fyringsanlegg i private bustadar, der pipe, eldstad og brannmurar blir sjekka med tanke på branntryggleik. Eit feiarlag på to mann, har ansvar for tilsyn og feiing av piper og eldstadar i Tokke og Vinje.
I forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn(FOBTOT) står det under §7-3 at feiing skal gjerast når det er trong for det, men minst kvart fjerde år. Kommunen kan avgjere at feiing og tilsyn skal gjerast oftare. Fordi dei fleste i Vest-Telemark fyrar mykje med ved i den kalde årstida, har Vest-Telemark brannvesen avgjort at alle bustadhus skal feiast annankvart år. Tilsyn vil bli gjort kvart fjerde år. Dei huseigarane som ynskjer feiing kvart år må ta kontakt med feiarane for nærare avtale om dette.
Tenesten skal vere sjølvfinansierande, så gebyrfastsetting vil bli etter sjølvkostprinsippet. Kommunen vil kreve inn feie- og tilsynsgebyret to gonger pr. år, samtidig med dei andre kommunale avgiftene. I brann og eksplosjonsvernlova §28 andre ledd, står det at kommunen kan innføre gebyr til dekking av lovbestemt feiing og tilsyn.
Gebyret kan innkrevast av kommunekasseraren etter reglane for innkreving av skatt.
Kontakt Vest-Telemark Brannvesen ved spørsmål om sjølve feiinga - telefon 35 07 57 11
- Ved feiing frå loft/2.høgda skal det vere nok ljos og god takhøgde.
- Alle feieluker skal vere lett tilgjengelege.
- Gjer klart for tilgang til sotluke i botnen av pipa før feiaren kjem.
Dersom du ikkje er heime når feiaren kjem:
- Gjer alt klart for feiaren.
- Skriv beskjed til feiaren at alt er klart til feiing. Hugs å stenge trekken i alle eldstadar.
- Hugs å feie røykrøret frå eldstaden og ta ut sota i botnen av pipa etter at feiaren har feia.
Det er feieren sin arbeidsplass det gjeld
Husstigen skal rekke 1 meter over takrenna. Stigen skal vere forsvarleg festa og sikra mot å skli. Det må vera montert takstige/trinn som ligg opp forbi pipa.
Dersom det er fleire piper, må det monterast tak-bru (for å sikre ferdsla mellom pipene). Pipe høgare enn 1,2 m over tak skal ha fast stigeanordning av ubrennbart materiale eller feiedør. Alle stigar skal vere godkjende, og vere montert etter føresegna.
Etter føresegna om feiing og tilsyn med fyringsanlegg er det eigars/brukars ansvar å halde fyringsanlegga i orden til ei kvar tid.
Informasjon til huseigar/brukar ved feiing og tilsyn
Kva dekkjer feie- og tilsynsgebyret
Feieruta
Feiing og tilsyn av fritidsbustader
Ved pipebrann
Sist oppdatert 29.03.2011