MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Fyrverkeri

Handel med fyrverkeri
Brannsjefen gjev løyve til handel med fyrverkeri. Søknad om løyve må vere brannsjefen i hende innan 1. mai. Brannsjefen gjev og løve til oppskyting av fyrverkeri utanom den faste oppskytingstida på nyttårseftan. Skriftleg søknad om dette må sendast brannsjefen. Spørsmål vedk. fyrverkeri kan rettast til brannsjefen på tlf. 350 75 711. Søknaden om sal av fyrverkeri skal sendast til Vest Telemark Brannvesen, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo.

Kvalifikasjonskrav, ansvarshavande
Vedkommande som søkjer om handel med fyrverkeri er ansvarshavande for denne aktiviteten. Det kan enten vere innehavar eller ein som er utpeikt av innehavaren. Den ansvarshavande må vere minst 20 år. Personell som sel fyrverkeri skal vere minst 18 år. Den ansvarshavande må dokumentere at vedkommande har tilfredsstillande kunnskapar om dei aktuelle varene. Slike kunnskapar kan ein få ved å ta kurs hjå produsent/importør, eller minst 3 års praksis frå sal hjå godkjend forhandlar, eller arbeidd hjå produsent/importør i min. 2 år. Kursplan skal vere godkjend av DSB (Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap).

Salstid
Det er berre lov å selje fyrverkeri til forbrukar i tidsromet 27. til 31. desember.

Krav til handelslokale
1. Lokalet må minst stette krav til ei kvar tid gjeldande byggeføresegn.
2. Lokalet må ha oppslag om forbod mot røyking og all bruk av open eld.
3. Utstillingsvare skal vere utan kruttladning eller emballert i godkjent blisterpakning.

Sist oppdatert 13.09.2010