Kulturprisen
Vedtekter for kulturprisen i Vinje
-
Kulturprisen skal delast ut årleg. Utdelinga skal skje i mars-april.
-
OVU gjer vedtak om kven som får prisen.
-
Eining for kultur legg fram innstilling til prisvinnar. Kandidatar frå tidlegare år kan og vurderast.
-
Kvar haust blir bygdefolk invitert til å koma med framlegg til prisvinnar. Fristen er 31.12. Framlegget skal vera skriftleg med grunngjevingar, som ein sender til Eining for kultur
-
Ein kan få kulturprisen for framifrå dugleik innom ei eller fleire greiner i kunst – og kulturarbeid. Ein kan og få kulturprisen for framifrå kulturarbeid innafor lag- og organisasjonsarbeid.
-
Prisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr. 10.000.-
-
Prisen kan ikkje delast, men ein kan gje den til ein familie eller eit ektepar.
Gjennomføring av utdelinga
-
Forslagstillaren i samarbeid med prisvinnar avgjer korleis kulturprisen skal delast ut.
-
Festarrangøren er laget/miljøet rund prisvinnaren.
-
Vinje kommune yter inntil kr. 7000.- til utdelingsfesten.
-
Arrangøren har ansvar for festen med pynting, program, mat osv. Om prisvinnaren vil ha ei enkel samkome med middag kan kommunen stå for tilskipinga.
-
Vinje kommune vil ha ein tidsbolk på ca. 30 min der sjølve prisutdelinga går føre seg. Kontaktperson er kultursjefen. Det er ordførar, utvalsleiar og kultursjefen som har ordet da. Ordføraren delar ut prisen.
Her finn du ein oversikt over tidlegare vinnarar av kulturprisen
Sist oppdatert 13.09.2010